Dverberg er ein liten busetnad i Andøy kommune i Nordland på austsida av Andøya med Fv82. Staden hadde ca. 238 innbyggjarar i 2001. Like nord for busetnaden ligg Dverberg kyrkje, ei åttekanta trekyrkje bygd i 1843. Tidlegare vart Myre brukt som namn på busetnaden.

Dverberg var tidlegare ein eigen kommune i Nordland, og hadde ei utstrekning som svarar til Andøy kommune i dag. I 1924 vart Dveberg delt i tre og Bjørnskinn og Andenes vart skilde ut som eigne kommunar. I 1964 vart Dverberg slått saman med kommunane Bjørnskinn og Andenes att til nye Andøy kommune. Ved samanslåinga hadde Dverberg kommune 1 719 innbyggjarar.

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Dverberg» frå , den 16. mai 2011.

Bakgrunnsstoff Andøy Historielag om Dverberg

Kategori:Tidlegare kommunar i Nordland Kategori:Historie i Andøy Kategori:Geografi i Andøy Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1964