Wilhelm Wilhelmsen () var ein norsk sjøkaptein og skipsreiar.

Etter skippareksamen 1892 var han til sjøs fram til 1901 og året etter avla han dispasjøreksamen. På denne tida vart han òg medeigar i firmaet til faren sin, Wilh. Wilhelmsen.

Han vart i 1937 utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden og forfremma til kommandør med stjerne i 1945. Han var òg innehavar av den belgiske Leopold-orden, den franske Æreslegionen og den svensken Nordstjerneordenen. Han var æresmedlem i Det Norske Videnskaps-Akademi.

Han var son av skipsreiar Morten Wilhelm Wilhelmsen (Wilh. Wilhelmsen) og hustru Catharine Fredrikke Lorentzen. Han vart i 1904 gift med Engelke Julie Engelhart, dotter av amtmann Thomas von Westen Engelhart.

Wilhelmsen deltok under sommar-OL for Noreg i 1928 i Amsterdam med 4. plass i segling, 8-metersklassen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wilhelm Wilhelmsen (1872–1955)» frå , den 5. august 2011. oppgav desse kjeldene: Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947

Bakgrunnsstoff Portrett av Wilhelm Wilhelmsen 1930, Oslo museum

Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Norske seglarar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1928 Kategori:Seglarar under sommar-OL 1928 Kategori:Folk frå Tønsberg