Henrik Mohn () var ein norsk vitskapsmann som er rekna som grunnleggjaren av meteorologi og fysisk oseanografi i Noreg. Han var bror til Jacob Mohn og Emanuel Mohn. Mohnbukta på Spitsbergen er kalla opp etter han.

Liv ogvirke Mohn fekk høgare utdanning ved Bergen Katedralskole med examen artium i 1852 og Det kongelege Frederiks Universitet i Christiania, der han oppnådde grada dr. philos. I 1861 vart han tilsett ved Observatoriet som assistent under Christopher Hansteen.

Hausten 1864 heldt han ein foredragsserie i Den Polytekniske Forening om «Den moderne Meteorologien og Veirspaadomme». Foredraga vart trykt i Morgenbladet, og vakte så stor merksemd at dei førte til at det vart oppretta eit meteorologisk institutt ved Universitetet i Christiania. Mohn vart kalla til det første professoratet 1. desember 1866 og til å bli den første direktøren ved Meteorologisk institutt, ein post han hadde i 47 år.

thumb|venstre|Akvarell utført av Henrik Mohn frå Hankø i 1882.

Han organiserte ei systematisk meteorologisk og klimatisk utforsking av landet og fekk i gang stormvarsel og daglege vêrvarsel.

Boka Om Vind og Veir, utgjeve i 1872, vart i løpet av få år trykt på tysk, fransk, italiensk, spansk, russisk, polsk og finsk. Dette var den første framstillinga av moderne meteorologi basert på samanstilling av observasjonar i synoptiske kart.

I 1873 deltok han som offisiell norsk representant ved stiftingskongressen for Den internasjonalen meteorologiske organisasjon IMO.

Saman med matematikaren Cato Guldberg publiserte han 1880 avhandlinga Etudes sur les mouvements de l'atmosphère, dvs. «Om rørsler i atmosfæren», ein matematisk modell for syklonar (lågtrykk), der dei skildra den geostrofiske balansen mellom lufttrykk, corioliskrafta og friksjon i vindfeltet. For første gongen vart det freista å handsame meteorologiske fenomen kvantitativt ut frå mekaniske og fysiske lovar.

Stortinget gav støtte til Den norske nordhavsekspedisjonen med DS «Vøringen» 1876, 1877 og 1878, med omfattande målingar i Norskehavet. Mohn deltok sjølv på tokta. Ein annan viktig bidragsytar var G.O. Sars. Målingar og analysar vart publisert over ei årrekkje. Hovudverket fanst i 1887: «Nordhavets Dybder, Temperatur og Strømninger».

mini|Beerenberg av Henrik Mohn.

Ein artikkel Mohn skreiv i Morgenbladet 1884 om ein transpolar straum over det arktiske havet, vart inspirasjon for Fridtjof Nansen til å realisere ferda med «Fram» ti år seinare. Under Fram-ekspedisjonen fekk han Monaøyane i Karahavet kalla opp etter seg.

Henrik Mohn var ein svært allsidig mann. Saman med brørne sine var han med på å starte dei første bogekorpsa i Bergen. Han bidrog òg til fleire teateroppsetningar som forfattar, skodespelar og teatermålar. På Nordhavsekspedisjonen målte han blant anna frå Jan Mayen.

Utgjevingar (utval) Om Kometbanernes innbyrdes Beliggenhed, 1860 Stormene i Kristiania fra 1837 til 1863, i Polyteknisk Tidsskrift,1863 Det Norske Meteorologiske Instituts Stormatlas, 1870 Om Vind og Veir. Meteorologiens Hovedresultater, 1872 Études sur les mouvements de l'atmosphère (saman med Cato Guldberg), 1876–80 Den Norske Nordhavs-Expedition 1876–1878 (saman med G. O. Sars), 29 hf. (7 bd.) , 1880–1901 Nordhavets Dybder, Temperatur og Strømninger, 1887 Klimatabeller, 1895–1906 Meteorologi, 1903 (sterkt revidert utgåve av Om Vind og Veir) Klima-atlas for Norge, 1916

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Henrik Mohn» frå , den 2. september 2011.

Kategori:Norske meteorologar Kategori:Norske oseanografar Kategori:Norske astronomar Kategori:Forfattarar frå Bergen Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Folk frå Bergen