Ernst Erich Jacobsthal () var ein tysk-norsk matematikar.
Han tok doktorgrad i Berlin i 1906, og var seinare privatdosent og frå 1918 professor ved Den tekniske høgskulen i Berlin. Han vart sagt opp frå denne stillinga i 1934 av nazistane og kom i 1939 som forelesar til NTH, der han i 1949 vart utnemnd til eit personleg dosentur i matematikk. Han sa opp denne stillinga i 1955.
Jacobsthal hadde ein allsidig vitskapleg produksjon, men den spesielle interessa hans var talteori.
Kjelder
Kategori:Tyske matematikarar Kategori:Norske matematikarar Kategori:Talteoretikarar Kategori:Folk frå Berlin Kategori:Matematikarar på 1900-talet