Heil i matematikk er eit omgrep som vert nytta i forskjellige tydingar.

Heiltal som er 0, ±1, ±2, ±3, ... Eit heilt algebraisk tal er rot i ei algebraisk likning på forma xn + a1xn−1 + ... + an = 0 med heile rasjonale koeffisientar. Heil rasjonal funksjon, sjå polynom. I funksjonsteori vert f(z) sagt å vere ein heil funksjon viss han har ei lokal rekkeutvikling om kvart punkt z i det komplekse planet, det vil sei viss f(z) er ein analytisk funksjon i heile det komplekse planet.

Kategori:Matematisk terminologi