«The Goaldigger's Song» er ein støttesingel av Elton John, som kom ut i 1977. Songen er skriven for og om eit britisk fotballag. På denne tida budde Elton John i London, og dei einaste gongane han gjekk ut var når han skulle sjå Watford F.C., fotballaget han støtta. Singelen gjekk aldri inn på lista nokon stad, sidan han vart trykt i lite opplag. Berre 500 eksemplar vart trykte, og kvar av dei var signerte av Elton John.

Songen vart skriven, komponert og framført av Elton John aleine, og har sidan singelutgjevinga aldri blitt gjeven ut på ny.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Goaldigger's Song» frå , den 23. november 2011.

Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Elton John-songar Kategori:Songar med musikk av Elton John