D-meson er ein elementærpartikkel, eit meson, og dei lettaste partiklane som inneheld sjarmkvarkar. Dei vert ofte studert for å få kunnskap om svak vekselverknadD Meson Dei sære D-mesona (Ds) vart kalla «F-meson» før 1986.

Oversyn D-mesonet vart oppdaga i 1976 av Mark I-detektoren ved Stanford Linear Accelerator Center.http://www.kudryavtsev.staff.shef.ac.uk/phy466/charmed-mesons_files/charmed-mesons.ppt

Sidan D-mesona er dei lettaste mesona med berre ein enkel sjarmkvark (eller antikvark), må dei endre sjarmkvarken (antikvarken) til ein kvark eller ein annan type desintegrasjon. Slike overgangar bryt det indre sjarm-kvantetalet, og finn berre stad via svak vekselverknad. I D-meson vert sjarmkvaren fortrinnsvis til ein særkvark via ei utveksling med ein W-partikkel, så D-mesona desintegrerer derfor fortrinnsvis til kaon eller pion.

I november 2011 rapporterte forskarar ved CERN at dei hadde observert eit direkte CP-brot i den naturlege desintegrasjonen av D-meson, noko som mogelegeins ikkje kan forklarast med standardmodellen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «D Meson» frå , den 15. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Meson