Kutsjurhan (Kutsjurgan; ukrainsk eller russisk Кучурган; rumensk Cuciurgan) er ei elv i Moldova og Ukraina. Ho er ei sideelv til Dnestr som spring ut i Det podolske høglandet i Ukraina. Ho renn søraustover og dannar ein del av grensa mellom Transnistria i Moldova og Odessa oblast i Ukraina.Map in Drainage Basin of Black Sea , UNECE Publication (2007), Section II, Chapter 5, p. 141Description in Drainage Basin of Black Sea, UNECE Publication (2007), Section II, Chapter 5, p. 143 Elva er 109 km lang og drenerer eit område på 2090 km².Transboundary Diagnostic Study for the Dnestr River Basin, OSCE/UNECE Report (2005), s. 28

Ei demning er bygd i elva like nord for Dnestr og dannar her Cuciurganreservoaret. Landsbyen Kutsjurhan i Ukraina ligg nær elva like nord for reservoaret og er ein viktig grenseovergang til Transnistria.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kuchurhan River» frå , den 4. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Elvar i Ukraina Kategori:Odessa oblast Kategori:Elvar i Moldova Kategori:Internasjonale elvar i Europa Kategori:Den moldovsk-ukrainske grensa