Giampaolo Caruso () er ein italiensk profesjonell landevegssyklist som syklar for UCI ProTour-laget Katjusja.
Karriere Caruso vart europameister i landevegssykling i U23-klassen i 2001, og i oktober same året kom han på andreplass bak Jaroslav Popovytsj i same klassen i VM i Lisboa. Etter dette fekk han proff-kontrakt med det spanske sykkellaget ONCE-Eroski. Han feira fyrste proffsigeren sin på femte etappen i Tour Down Under i 2003, men vart teken for doping, og frådømd sigeren. Etter å ha vore utestengd i seks månadar fortsette han kontrakten med det spanske laget i 2004. Det hadde i mellomtida skift namn til Liberty Seguros og vorte UCI WorldTour-lag. I eindagsrittet Giro di Lombardia i 2005 kom han inn til mål saman med ei lita tetgruppe og vart fjerdemann. Året etter kom han på fjerdeplass på fyrste fjelletappen i Giro d'Italia og på tolvteplass i samandraget. Seinare i 2006 vart han og heile laget dregne inn i Operación Puerto-saka, og sjølv om han til sist vart frikjend følgde saka han heilt til byrjinga av 2009.
I 2009 skreiv han under for det italienske laget LPR Brakes-Farnese Vini. Kontrakten gjekk ut 2011, men han skifta lag til Ceramica Flaminia-Bossini Docce alt midt i 2009-sesongen. Han hadde kontrakt med dei ut 2011, men 6. april 2010, etter at arrangøren av Giro d'Italia hadde kunngjord at Ceramica Flaminia ikkje fekk plass i rittet, fekk han lov til å bryte kontrakten før tida og signerte med det russiske laget Katjusja. Seint i 2011 fekk han kontrakten sin forlengd for 2012.
Resultat
Grand Tours samanlagt Ritt200420052006200720082009201020112012Giro d'Italia-1912---4641-Tour de France--------37Vuelta a España7259----35--
Dopingsaker
Etter å ha sykla først over mål på den femte etappen i det australske etapperittet Tour Down Under i 2003 testa Caruso positivt for det anabole steoridet nandrolon, og vart av det italienske sykkelforbundet frådømd sigeren og utestengd frå idretten i seks månader. Han mista også fjerdeplassen samanlagt i rittet, fjerdeplassen i poengtevlinga og åttandeplassen i klatretevlinga, og fekk ei bot på 2000 dollar.
I 2006 vart han namngjeven i samband med den store dopingsaka kalla Operación Puerto, men saka hans vart snøgt lagd vekk av det spanske sykkelforbundet. Den italienske olympiske komiteen var ikkje samd og tok sjølv opp saka og gav han to års utestenging frå idretten i 2007, og han var suspendert nokre månader, men han anka og vart frikjend i Den internasjonale skilsdomstolen for idretten i januar 2009. Caruso har heile tida sagt seg uskuldig.
Referansar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Giampaolo Caruso» frå , den 20. oktober 2012.
Denne artikkelen bygger på «Giampaolo Caruso» frå , den 20. oktober 2012.
Bakgrunnsstoff Presentasjon på nettstaden til Katjusja Nettstaden til Giampaolo Caruso
Kategori:Dopingsaker i sykling Kategori:Folk frå Avola Kategori:Italienske syklistar