mini|Hamna i Hanstholm i Thisted kommune. Thisted kommune er ein kommune i Thy (på Nørrejyske Ø) i Region Nordjylland i Danmark, skipa i samvar med Kommunalreforma i 2007 ved at dei tidlegare kommunane Hanstholm, Thisted (1970-2006) og Sydthy vart slege saman.Thisted Kommune frå den Store Danske

Innbyggjartalet er 42 989 (2024).

Administrasjonssenteret i Thisted kommune er hamnebyen Thisted, den største byen i kommunen, som ligg attmed Limfjorden. Fiskeri- og hamnebyen Hanstholm på Nordsjøkysten med 2.276 innbyggjarar (2012) har lenge vore ein viktig hamn for ferjesamband til mellom anna Noreg. Under andre verdskrigen bygde den tyske okkupasjonsmakta tallause bunkerar og tungt kystbatteri i nærleiken av Hanstholm (Verteidigungsbereich Hansted). Desse stod i samband med liknande innretningar i Kristiansand i Noreg, det såkalla Batterie Vara på Møvik fort. Meininga med dette opplegget var å stengje sjøvegen til Aust-Noreg, Kattegat, Austersjøen og Baltikum for allierte sjøstridskrefter.

Borgar­meistrar Niels Jørgen Pedersen (V) 2022– Ulla Vestergaard (S) 2018–2021 Lene Kjelgaard Jensen (KF) 2010–2017 Erik Hove Olesen (S) 2007–2009

Referansar

Kategori:Kommunar i Region Nordjylland