«Aphrodite» er ein song av den australske songaren Kylie Minogue frå det ellevte studioalbumet hennar, Aphrodite (2010). Songen vart skriven av Nerina Pallot og produsert av Andy Chatterley.

mini|Kylie Minogue framfører «Aphrodite» under Aphrodite: Les Folies Tour. Informasjon «Aphrodite» vart skriven av den britiske songar og låtskrivaren Nerina Pallot og produsert av mannen hennar, Andy Chatterley. Songen vart teken med på studioalbumet av same namn, som vart gjeve ut 5. juli 2010. Minogue spelte inn vokal i juli 2009 i London, der ho òg spelte inn songen «Better than Today» for same album.Aphrodite (liner notes). Kylie Minogue. Parlophone Records. 2010. Songen fekk generelt god mottaking frå kritikarar og vart òg teken med på EP-en A Kylie Christmas, som kom ut 1. desember 2010. Han stod òg på spelelista under turneen Aphrodite: Les Folies Tour og vart framført som den første låta.

Komposisjon «Aphrodite» er ein dansepopsong som inneheld mange elektroniske element. Minogue skildrar seg sjølv som Afrodite, den greske gudinna for kjærleik, skjønnhet og glede.

Listeplassering «Aphrodite» nådde sjetteplassen på topplista i Belgia (Ultratip Flandern) den 26. mars 2011, sjølv om songen vart ikkje utgjeven som ein singel. Songen nådde òg 25.-plassen på Belgian Airplay Chart den 12. mars 2011 og tilbrakte to veker på hitlistene.

Medverkande Kylie Minogue – vokal, bakgrunnsvokal Nerina Pallot – låtskrivar, produksjon, bakgrunnsvokal, gitar Dave Emery – produksjon Andy Chatterley – trommer Stuart Price – produksjon, miksing

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Aphrodite (song)» frå , den 7. februar 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Den offisielle nettsida til Minogue

Kategori:Kylie Minogue-songar Kategori:Songar frå 2010