Akademiet Bergen er ein privat vidaregåande skule i Bergen. Skulen starta opp i 2004 og har omlag 120 elevar (2016). Skulen er ein del av Akademiet, den største private skulekjeda i Noreg, med skular i Bergen, Drammen, Fredrikstad, Oslo, Kristiansand, Molde, Sandnes, Trondheim og Ålesund.
Plassering Ved skipinga i 2004 heldt skulen til i Fabrikkgata. Han held så til i Lars Hilles gate 17 i fleire år og blir frå hausten 2017 å finne i Johannes Bruns gate 12.
Opplæringstilbod Skulen tilbyr følgjande utdanningsprogram og programområde: Program for påbygging til generell studiekompetanse. Program for studiespesialisering. Privatistundervisning.
Påbygg til generell studiekompetanse Dette utdanningsprogrammet skal gi studentar generell studiekompetanse etter fyrst å ha hatt yrkesfagleg utdanning på Vidaregåande trinn 2. Faga er historie, kroppsøving, naturfag, norsk og matematikk, i tillegg til eitt programfag.
Studiespesialisering Dette utdanningsprogrammet skal førebu elevane for vidare studiar ved universitet og høgskular. Med bestått vitnemål oppnår ein generell studiekompetanse.
I Vidaregåande trinn 1 er utdanningsprogrammet likt ved alle skular (bortsett frå fellesfaga framandspråk og matematikk), og inneheld faga engelsk, framandspråk, geografi, kroppsøving, matematikk, naturfag, norsk og samfunnsfag. Akademiet Drammen tilbyr framandspråka engelsk, fransk, tysk og spansk. Vidaregåande trinn 2 og 3 består av både fellesfag og programfag. På begge trinna vel ein 3 programfag der minst 2 må vere innanfor eit valt programområde: realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. Fellesfaga på det andre trinnet er framandspråk, historie, kroppsøving, matematikk og norsk, og på det tredje trinnet historie, kroppsøving, norsk og religion.
Privatistundervising Akademiet Privatistskole tilbyr undervising for privatistar. Undervisinga er på både dagtid og kveldstid, og er skilt frå øvrige opplæringstilbod. Akademiet tilbyr faga biologi, fysikk, engelsk, historie, kjemi, kroppsøving, matematikk, medie- og informasjonskunnskap, naturfag, norsk og samfunnsfag.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Bergens Tidende, 4. november 2011 - Laget musikkvideo for Coldplay
Kategori:Vidaregåande skular i Bergen Kategori:Bergenhus Bergen Kategori:Skipingar i 2004 Kategori:Vidaregåande skular i Vestland