Georg Richard Apenes () var ein norsk jurist og stortingsrepresentant for Høgre. Han var son til sorenskrivar Christian B. Apenes og Inger Johanne Apenes. Apenes var direktør 1989-2010 for Datatilsynet. Han overtok stillinga i 1989 etter Helge Seip, som hadde vore direktør sidan Datatilsynet vart etablert 1. januar 1980. Han gjekk av som direktør for Datatilsynet 9. april 2010.

Apenes voks opp og budde i Fredrikstad. Etter artium studerte han samfunnsfag i Lancaster i Pennsylvania, med Fulbright-stipendium. Seinare tok han cand.jur. ved Universitetet i Oslo (1969). Etter det vart han dommarfullmektig ved Vest-Telemark sorenskrivarembete fram til 1971, då han byrja som journalist i Fredriksstad Blad. Same året fekk han også advokatlisens. Frå 1972 var han redaksjonssekretær i Fredriksstad Blad, fram til 1977, då han vart vald inn på Stortinget.

Georg Apenes var i 1968 formann i Det Norske Studentersamfund.

Apenes var mange år fast kommentator i norske aviser og skreiv artiklar prenta i tidsskrift, essaysamlingar, lærebøker og antologiar. Han gav ut fleire bøker, dei fleste med kulturhistorisk innhald i populærform.

Apenes var gift med Ingrid I. Willoch, høgrepolitikar og varaordførar i Fredrikstad.

Bibliografi Det norske felttog i Sverige 1788 (med Tore Dyrhaug, 1988) Løven gjesper (1989) Hankø bad – et Mindernes Herbarium (1991) Fra Sinai bjerg til Silikon Valley: rettsstaten og informasjonsteknologien (1991) Kong Frederiks gamle by (med Tore Bernitz Pedersen, 1992) Hjulrytterne kommer (1993) H.F. Gude – somrene ved Kristianiafjorden (med Hans Gude, 1995) Åpne dører – venneskrift til Astrid Gjertsen på 70-års-dagen 14. september 1998 Én tid og to byer (med Kitty Apenes, 1998) Panoptikon – vårt gjennomsiktige samfunn (2000) Fra tillit til kontroll – tolv samtaler om politikk, teknologi og personvern (2005)

Bakgrunnsstoff Biografi på Stortinget.no

Kategori:Norske juristar Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Formenn av Det Norske Studentersamfund Kategori:Folk frå Fredrikstad