Trond Giske () er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han har representert Sør-Trøndelag på Stortinget sidan 1997, og har vore kyrkje-, utdannings- og forskingsminister 2000–2001, kultur- og kyrkjeminister 2005–2009 og nærings- og handelsminister 2009–2013. Frå 2013 til 2017 var han leiar av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, og frå 2017 til januar 2018 første nestleiar i Finanskomiteen. Han har sidan april 2018 vore mediepolitisk talsmann i Arbeidarpartiet.

Trond Giske var nestleiar i Arbeidarpartiet saman med Hadia Tajik frå 2015 fram til januar 2018. Han trekte seg frå verva sine etter å ha vorte skulda for upassande oppførsel. Han kom attende til vanleg politisk arbeid i Stortinget månaden etter.

Utdanning og karriere Av utdanning er Trond Giske cand.mag. med sosialøkonomi, statsvitskap og juss frå Universitetet i Oslo og NTNU. Han var leiar i Trondheim AUF i 1988, og leiar i Sør-Trøndelag AUF frå 1989 til 1990. I 1996 vart han medlem av sentralstyret i AUF, og der sat han fram til 1996, frå 1992 av som leiar. Frå 1992 til 1996 var han også medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet. Det vart han igjen frå 2000, og sit endå.

Giske blei vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag fylke i 1997. Frå 1999 av har han vore delegat til generalforsamlinga i FN. Han var også medlem i gruppestyret til Arbeidarpartiet frå 2001 til 2005.

Giske var medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet dei fire åra som AUF-leder og deretter frå 2000. Etter 1992 har Trond Giske i alle år vore ein sentral person i Arbeidarpartiet, og vorte rekna som ein leiande strateg på venstrefløya i partiet. Det byrja med EU-striden i 1990-åra, då Giske stod fram som ein av leiarpersonane på nei-sida i Arbeidarpartiet. Han var styremedlem i Sosialdemokratar mot EU (SME) i 1994.

Mot slutten av 2017 fekk Arbeidarpartiet varsel om upassande oppførsel frå Giske og seksuell trakassering av kvinner over mange år. Varsla fekk stor merksemd i media, og som følgje av varsla trekte Giske seg frå nestleiarvervet 7. januar 2018.

1. oktober 2021 grunnla Trond Giske Nidaros sosialdemokratiske forum som er eit partilag under Trondheim arbeidarparti. Lokallaget har vakse raskt og har vorte det største lokallaget til Arbeidarpartiet.

Tilknyting til regjering 17. mars 2000–19. oktober 2001 statsråd i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 15. februar 2008–29. februar 2008 styrande statsråd i Barne- og likestillingsdepartementet 17. oktober 2005–20. oktober 2009 statsråd i Kultur- og kyrkjedepartementet 27. februar 2009–29. mars 2009 fungerande statsråd i Justis- og politidepartementet 20. oktober 2009–16. oktober 2013 statsråd i Næringsdepartementet 27. november 2009–16. oktober 2013 settestatsråd i Fiskeri- og kystdepartementet i saker der statsråd Lisbeth Berg-Hansen var inhabil.

Stortingskomitear 1997–2001 medlem av Finanskomiteen 2001–2005 andre nestleiar i Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen 2013–2017 leiar i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen

Bibliografi Mangfold eller enfold – 21 stemmer om kultur i vår tid, Aschehoug 2009, Utøya : en biografi, Gyldendal 2012, saman med Jo Stein Moen, La læreren være lærer, Gyldendal 2015, ISBN 9788205480926

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Lokallaget Nidaros

Kategori:Norske kulturministrar Kategori:Norske nærings- og handelsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg I Kategori:Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Leiarar i AUF Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Folk frå Trondheim