Wilson Portal er eit kystfjell på over 1 000 moh, 2,5 nautiske mil (4,6 km) søraust for O'Leary Peak oppom vestsida av munningen av Koskobreen der denne møter Rossbarrieren i Antarktis. Fjellet er snødekt utanom på den bratte nordsida og det går ein utstikkar nordaustover frå fjellet. Det vart oppdaga og fotografert av U.S. Antarctic Service (USAS) (1939–41) og kartlagd av A.P. Crary (1957–58). Det vart namngjeve av Crary etter Charles R. Wilson, leiande polarlysforskar ved Little America V (1958) og glasiolog i U.S. Victoria Land Traverse Party (1958–59).

Kjelder

Kategori:Fjell i Ross Dependency Kategori:Dufek Coast