1812 (romartal MDCCCXII) var eit skotår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen. Hendingar mini|Slaget ved Lyngør med «Najaden». Utlandet 26. mars: Eit jordskjelv øydela Caracas i Venezuela. 4. april: Den amerikanske presidenten James Madison vedtok ein 90 dagar lang handelsboikott mot Storbritannia. 14. april: Louisiana vart den 18. delstaten i USA 19. juni: USA erklærte krig mot Storbritannia 24. juni: Napoleonskrigane - Napoléon innleidde felttoget i Russland 29. oktober – General Claude-Francois de Maler vart avretta for å ha konspirert mot Napoléon

Kunst og kultur Egyptian Hall i London, teikna av P. F. Robinson, vart fullført. Theatre Royal Drury Lane i London, teikna av Benjamin Dean Wyatt, vart fullført.

Noreg 6. juli: Slaget ved Lyngør mellom den dansk-norske og britiske flåten. Skipet «Najaden» vart senka.

mini|upright|Peter Christen Asbjørnsen fødd 15. januar

Fødde

6. januar: Knud Knudsen, norsk språkforskar 7. januar: Sigismond Thalberg, sveitsisk pianist 15. januar: Peter Christen Asbjørnsen, norsk forfattar, naturvitar og zoolog 7. februar: Charles Dickens, engelsk forfattar 25. februar: Carl Christian Hall, dansk statsminister 9. juni: Johann Gottfried Galle, tysk astronom 14. oktober: Carl Christopher Georg Andræ, dansk statsminister 28. november: Ludvig Mathias Lindeman, norsk komponist og folkemusikksamlar

Døde

7. januar: Jan Ladislav Dussek, tsjekkisk komponist og pianist 16. juni: Franz Pforr, tysk målar 24. september: Pjotr Ivanovitsj Bagration, georgisk fyrste og general 18. oktober: Karl Gustav Baggovut, russisk general 20. desember: Johann Christoph Bayer, tysk-dansk porselensmålar