John Ivar O. Longva () var ein norsk fiskar og fiskebåtreiar.
15 år gammal starta han som fisker. I 1934 vart han skipper på eigen båt. I 1954 fekk han bygt linebåten Longva, som han dreiv kveitefiske med ved Grønland. Der kom han i kontakt med det britiske fabrikktrålarmiljøet. Det inspirerte han til arbeidet med å få seg eigen trålar.
I åtte år samarbeidde han med Nils og Adolf Liaaen, ved bedrifta A.M Liaaens Mek. Verksted i Ålesund om konstruksjonen av skipet. Det var ferdig i november 1962. FT «Longva» var første fabrikkskipet i Noreg. Seinare fekk Longvatrål, reiarlaget til Johan Longva, fleire fabrikkskip. Dei fiska for det meste ved Vest-Grønland, Labrador og i Barentshavet. Fileten som vart produsert vart eksportert direkte til utlandet. For å halde fabrikkskipa operative, bygde Longva opp store landanlegg i Gangstøvika i Ålesund.
Kjelder Harald Grytten, Arne Hammer, Harald Kjølås: Norske fabrikkskip. Fiskebåtredernes Forbund 2005
Kategori:Folk frå Haram Kategori:Norske fiskebåtreiarar