Grue kyrkje er ei langkyrkje frå 1828 på Kirkenær i Grue kommune i Innlandet fylke.
Den gamle kyrkja Det har vore kyrkje på Kirkenær sidan mellomalderen. Ei stavkyrkje vart oppført på 1200-talet og utvida med lafta sidefløyar omkring 1600. Denne kyrkja brann ned den 26. mai 1822 i det som står som den verste kyrkjebrannen i norsk historie. Etter brannen vart det kravd at utgangsdørene i norske kyrkjer skulle slå utover, og mange dører vart hengsla om som fylgje av dette. Kyrkjestaden på Kirkenær vart dessutan flytta, sidan den gamle var utsett for flaum og erosjon. Prestegarden er framleis ved den gamle kyrkjestaden.
Den noverande kyrkja Kyrkja vart teikna av H.D.F. Linstow og oppført i pussa teglstein, med viglsing i 1828. Kyrkja har gotiske (spissboga) vindauge og dører, men framtoninga elles er eit stykke unna den nygotikken som breidde om seg frå 1850-talet. Tårnet har ei form som minnar om bysantinsk arkitektur.
På kyrkjegarden er eit minnesmerke over kyrkjebrannen i 1822 der det står at det var 113 dødsoffer. Det kan sjå ut til at 3-4 utanbygdsfolk ikkje er rekna med i dette talet.
Sjå òg Brannen i Grue kyrkje
Litteratur
Bakgrunnsstoff
Artemisia.no Grue kommune
Kategori:Kyrkjer i Grue Kategori:Kyrkjer i Solør, Vinger og Odal prosti Kategori:Kulturminne i Grue Kategori:Norske kyrkjer frå 1828 Kategori:Langkyrkjer i Hamar bispedømme Kategori:Bygningar teikna av Hans Linstow