mini|Typisk laptop/ultrabook av merket Asus. mini|Eldre berbar datamaskin med tilbehøyr. Berbar datamaskin eller laptop er ein personleg datamaskin som er utforma slik at han skal vera lett å bera med seg, til skilnad frå ein stasjonær datamaskin.

Slike maskinar var opphavleg kjende som laptops på engelsk, og viste då hovudsakleg til berbare datamaskiner på over to kilo som var utstyrt omtrent som skrivebordsdatamaskinar. Seinare har ordet blitt eit samlenamn for ulike typar berbare datamaskinar.

Utforming Ein berbar datamaskin kan likna ei dokumentmappe på utsjånad. Det øvre lokket kan løftast opp og inneheld ein flat skjerm, som skjuler tastaturet når maskinen er lukka. Under tastaturet skjuler komponentane til datamaskinen seg. For å få tilgang til innsida av datamaskinen skrur ein vanlegvis av tastaturet eller eit av deksla på undersida av datamaskinen.

Tidlege berbare datamaskinar (som Osborne 1 og Compaq) såg annleis ut. Dei var så store som skrivebordsdatamaskinar, men utstyrte med berehandtak. Tastaturdelen fungerte som eit lokk som verna skjermen, som ofte var eit biletrøyr. Denne typen berbar datamaskin blei stort sett erstatta av samanslåbare datamaskinar, men i nokre samanhengar med høge krav til yting og haldbarheit overlevde formatet lengre ettersom maskinar kan byggjast kraftigare og med betre oppgraderingsevne sidan dei er utforma med dei same komponentane som ein skrivebordsdatamaskin.

Dette gjorde likevel datamaskinen meir uhandterleg og tyngre, og ein omtalte derfor spøkefullt denne typen som ein «slepbar datamaskin».

Skilnader mellom stasjonære og berbare datamaskinar Ein berbar datamaskin kan vanlegvis gjera dei same oppgåvene som ein stasjonær maskin, men blir varmare ettersom det er dårlegare luftgjennomstrøyming i kassen og at dei har òg avgrensa plass til å ventilatorar og kjølesystem med same kjølande kapasitet som stasjonære datamaskinar. Dette kan betrast med ei kjøleplate som blir plassert under datamaskinen og skaper ein kjølande luftstraum under. Berbare maskinar har òg vanlegvis meir avgrensa plass til innvendig tilbehøyr, men ein kan kopla til mange typar eksternt tilleggsutstyr.

Ein stasjonær datamaskin treng ein skjerm, ein tastatur og ei mus. Ein berbar datamaskin har innebygd skjerm, innebygd tastatur, innebygd peikesystem (sidan tidleg 2000-tal har styreplate vore dominerande for datamaskiner med fysisk tastatur). Om nødvendig kan ein òg kopla til eksternt tilbehøyr, anten trådlaust via Bluetooth eller ved å kopla dei inn via kontaktane til datamaskinen.

Straumforbruk Ein berbar datamaskin kan vanlegvis brukast i fleire timar før det innebygde batteriet treng å ladast att. Ein kan òg nytta han tilkopla straumnettet. Bladet PC-tidningen anbefaler at ein nyttar straumtilførsle når ein har høve, for å få mest ut av batterilevetida.

Netbook Netbook er ein type berbar datamaskin som vanlegvis har mindre storleik enn ein berbar datamaskin, er lettare og har dårleg prestasjon. Dei var mest populære kring 2010.

Ultrabook Ultrabook er Intel sitt namn på ultraportable datamaskinar. Eit av krava for å klassifisera ein maskin som ultrabook er at tjukkleiken er 21 mm og vekta er under 1,3 kg.Ultrabook.se

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bärbar dator» frå , den 22. oktober 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Datamaskinar