Damien Michael Johnson () er ein nordirsk fotballspelar. Han har spela på midtbanen for det engelske laget Plymouth Argyle, og for det nordirske fotballandslaget.

Johnson har spelt i fleire klubbar i dei to øvste divisjonane i den engelske ligaen, Premier League og Football League Championship. Han spelte for Birmingham City i åtte sesongar, frå 2002 til 2010, og var med på å rykkja opp i Premier League med klubben. 1. februar 2010 skreiv han under på ein to og eit halvt års kontrakt med Plymouth Argyle, som kjempa for å unngå nedrykk frå den nest høgste divisjonen. Klubben rykte likevel ned på slutten av sesongen.

Johnson debuterte på Nord-Irland sitt landslag 29. mai 1999, og passerte 50 landskampar i 2009.

Kategori:Nordirske fotballspelarar Kategori:Blackburn-spelarar Kategori:Nottingham Forest-spelarar Kategori:Birmingham-spelarar Kategori:Plymouth-spelarar