Slengesol eller Slengeshol er ein gard i Dalsbygda i Gulen kommune i Vestland fylke. Slengesol har matrikkelnummer 50 i Gulen.
Geografi Garden ligg ved ein sideveg til den kommunale vegen mellom Dalsøyra og Norddal, ca. to og ein halv kilometer frå sjøen. Tuna ligg i ei bratt li 109 moh., oppom gardane Dale og Nerdal.
Historie
Garden er truleg skilt ut frå nabogarden Dale etter innføringa av kristendommen.
1667-matrikkelen I 1667 var skulda til garden 1½ laup og ½ pund smør. Dei hadde 28 naut og to hestar, og det vart sådd ut fem tønner korn, som gav 20 tønner i avling.
1723-matrikkelen I 1723 hadde garden tre bruk, men ingen husmenn. Skulda var no 1½ laup smør, og garden hadde verken støl eller skog, men dei hadde to flaumkverner. Av buskap hadde dei 18 kyr, 8 ungnaut, 18 sauer og to hestar. Det vart sådd ut seks tønner korn og hausta inn 21 tønner. Garden var eigd av stiftamtskrivar Svanehjelm og Gjertrud de Fine som eigde halvdelen kvar.
Utskifting Utskiftinga mellom bruka skjedde i fleire vender frå 1832 til 1900.
Veg, straum og telefon Slengesol fekk køyreveg i 1928, elektrisk straum i 1945 og telefon i 1954.
Stølar Slengesolstølen høyrer til garden, i 1930 hadde bruk ein og tre støl saman, medan bruk to hadde eigen. Eigaren av bruk to hadde vøle på stølshuset i 1994.
Namn Namnet Slengesol har ikkje vorte sikkert tyda, men Ivar Kleiva skriv i bygdeboka for Gulen at namnet kan vere kome av ei samansetjing av dei gamalnorske orda «sleidn», som tyder slakk li eller bakke, og «holl», som tyder rundvoren haug. Oluf Rygh drøftar etymologien til namnet, men gav ikkje noko sikker tyding av namnet i Norske Gaardnavne. I kjelder er desse skrivemåtane registrerte: «Slengesoll (1563), «Slenngesol (1567), «Slengezuld» (1610), «Slengesoell» (1620 og 1667), «Slengsol» (1723) og «Slengessold» (1823).
Statens Kartverk har godkjend skrivemåtane «Slengesol» i 1974 og «Slengeshol» i 1985.
Når gardsnamnet vert nytta som slektsnamn plar det skrivast «Slengesol».
Gardsnamnet Slengesol er ikkje kjent frå andre stader i landet.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Slengesol i gardsmatrikkelen frå 1886 Slengesol i matrikkelutkastet av 1950 Om Slengesol i Gardsleksikonet til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv Vidare lesnad Ivar Kleiva: «Slengsol» i Gulen i gammal og ny tid : gards- og ættesoga, band ll, side 148-160.
Kategori:Gardar i Gulen Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Noreg