Hilding Köhler () var ein svensk meteorolog og professor i meteorologi ved Universitetet i Uppsala frå 1936 til 1955.

Köhler arbeidde med mange felt innan meteorologien, men er mest kjend for arbeidet med turbulens i grenselaget og med kondensasjon av vassdamp i lufta. Mange av observasjonane sine utførte han då han var bestyrar av observatoriet på Haldde i Finnmark frå 1918 til 1926. Teorien hans om at saltinnhaldet påverkar storleiken til skydropar når det er i likevekt, framstilt i såkalla køhlerdiagram, er i dag rekna som eit av dei klassiske arbeida i meteorologien.

Han vart medlem av Det kongelege svenske vitskapsakademiet i 1947.

Kjelder

Kategori:Svenske meteorologar Kategori:Meteorologiprofessorar Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet