Heidi Grande Røys () er ein norsk politikar for SV. Røys har bakgrunn som barnehagestyrar og lokalpolitikar i Flora kommune.

Ho er utdanna førskulelærar frå Lærerhøgskolen i Bergen (1986-89). I åra 1989–1996 var ho avdelingsleiar og styrar ved Havreneset barnehage i Florø. Røys har representert SV i formannskapet og bystyret i Flora.

Røys var politisk rådgivar i SV si stortingsgruppe i 1999 og 2000, og i 2001 vart ho vald inn som stortingsrepresentant for SV frå Sogn og Fjordane. På Stortinget vart ho medlem av Finanskomitéen og Fullmaktskomitéen. I 2005 mista ho mandatet ved stortingsvalet.

17. oktober 2005 vart Heidi Grande Røys utnemnd til statsråd i regjeringa Stoltenberg II som leiar for det nye Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Etter valet i 2009 vart ho erstatta av Rigmor Aasrud som statsråd. Ho vart heller ikkje attvald til Stortinget, og gjekk tilbake til jobben som barnehagestyrar.

Kjelder

Biografi på Stortinget.no, innhenta 7. januar 2010. Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane

Kategori:Norske administrasjonsministrar Kategori:Norske arbeidsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:SV-statsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane Kategori:Stortingsrepresentantar frå SV Kategori:Lokalpolitikarar i Flora Kategori:SV-politikarar i Sogn og Fjordane Kategori:Kvinner frå Sogn og Fjordane Kategori:Folk frå Bremanger